1års dag og julatrekurs=)

I går blei vår nydelige snuppa, Heyli 1år! Var ein flotte dag, som starta med gratis frokostbuffè på lokalbakeriet Larsen, som hadde nyåpning. Dei har satsa på eit åpent bakeri der ein faktisk kan stå ved disken og sjå inn i bakeriet der alt blir baka for hånd. Utrulig stilig konsept og all creds til Larsen Bakeri som tør og satse og ver litt anerledes! Så er du i Skånevik må du ta turen innom detta fantastiska bakeriet som gjennom århundre har levert magisk god bakst :)
Og sjølvsagt vil eg oppfordra alle lokale om å handla sine bakevarer på lokalbakeriet, detta vil vera essensielt for at detta  skal fungera for Larsen’s bakeri, at me som bur rundt handler der :)

Larsen bakeri

Dagen videre besto sjølvsagt at selskap for gode Heyli, ei hærlig snuppa som gir oss så ufattelig mykje glede <3 Ayra Elí hadde baka kaka og pynta den til hu, det var hennas bursdagspresang som hu va veldig stolt øv, og som falt kjempe godt i smak sjå bursdagsbarnet :)

Heyli 1år.

Heyli 1år.

Før selskapet var ferdig måtte eg og mammo gå, for me skulle nemlig til Aksdal på julatrekurs. Julatrekurset var holdt av forsøksringen, og gjekk for å få fleire folk til å satse på julatre. Her lærte me mykje om julatreplanting, jordprøver og planlegging. Var eit veldig interessant kurs, som går over 2 dager og ein ut i feltet tur. Neste samling er på Tirsdag i Ølen, og eg kjenner eg glede meg til å få alle bitane på plass og testa ut om detta kan vera noko me vil satsa på :)

2år gamle julatre klar for planting :)

2år gamle julatre klar for planting :)

 

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Videoblogg, nåke for meg?

Eg har lenge lurt litt på om eg sku starta med videoblogg. Men siden eg snakke så veldig fort og fleirtallet har vanskelig med å henga med så har eg funnet ut at det er ein dårlig idè 😉 Men, eg klare ikkje heilt gi slepp på video fordiom, spesielt ikkje når eg har invistert i verdens kulaste kamera med prosjektor!

kamera

Sony HDR Handycam =D

Så derfor har eg bestemt meg for å ha litt forskjellige video innslag innimellom. Her vil det komma videoer om alt slags som e å finna på å filma om her i Veavik, og sikkert meir. Eg vil åpna det heila med ein video som forklare kossen ENJO vaske heilt reint med berre klut og kaldt vatn. ENJOY;)

Klikk på linken så starter filmen. For å komme tilbake trykk på tilbake knappen (slett) :)

Film: Gjer reint med kun kaldt vatn

Publisert i ENJO vaskevideoer | Skriv en kommentar

Naturen rundt oss, alles eller nåkens?

Idag er eg og Ove oppe i Øystese på nye bønders kurs som Hordaland bondelag arrangere. Det er eit kurs for folk som treng meir fotfeste, tips og idèer i landbruket eller som kun vurderer og starte med landbruk.
For meg var dette kurset midt i blinken, akkuratt det eg trengte nå!=) Å bli minna på alle støtteordningar, alt som er viktig i ein oppstartsfase og ikkje minst dette med å lage ein konkret plan og søka til både kommune og Innovasjon Norge om støtte. Eg skal ikkje skriva så alt for masse om kurset, då det er for spesielt interesserte 😉

Men det eg vil skriva litt om er ein setning den eine forelesaren sa, og det var at Bøndene eiger «alt» i Norge. Har du tenkt øve det? At skogen du plukke sopp i, fjellet du går tur på, stranda du sole deg på og bakken du spring øve når du tar ein snarvei faktisk (med stor sannsynlighet) er eigd av ein bonde? Allemannsretten gir deg lov til å gå dei fleste plasser uten spesiell tillatelse, men det er uansett bonden sin eigendom. Ein eigendom som også har som formål å brøfø både deg og bonden sjølv.
«Lukk grinda» finner ein ofte skrevet på grinder når ein er ute å går tur, men faktisk er dette ofta eit problem at folk ikkje gjer. Det folk også ofta ikkje gjer er å rydda opp etter seg på stranda, eller hiver ein brusboks ut vinduet fra bilen siden de ikkje e folk på mils omkrets likavel.. Dette resultere i sinte bønder, som resultere i irriterte turgåarar som rakker ned på den sinte bonden som aller helst burde vært og passa på sauene sine sjølv, og ikkje overlatt jobben til ei grind, og som lager alt for mykje oppstyr på grunn av ein boks…. Og slik går nå sirkelen.
Eg derimot, eg trur feilen ligge i detta og forstå korleis alt henger sammen. Kanskje ein ikkje heilt tenker øve koffer grinda bør lukkast? Det er jo ingen dyr i nærheten.. Kanskje ein ikkje tenker over at stranda er eigd av nåken, den ser jo så urørt ut. Kanskje ein ikkje tenker øve at bakken brusboksen havner på er mat til dyr, som blir slått med ein maskin som ikkje veit forskjell på ein boks og gras, og maler alt til fòr. Og då tenker ein heller ikkje over at dyra som kommer seg ut av grinda kan havne kangt vekk, som resulterer i mykje jobb for bonden for å få dei heim igjen. Eller at kulturverdien er stor hos ein bonde, og den urørte stranda betyr så utrulig masse for han akkuratt slik den er, og folkeliv og søppel ødeleffer hans glede med HANS strand (respekt er ein fin ting, sjølv til tross for allemannsretten). Eller at dei kydno som døde av følgene av skarpe bitar etter brusboksen i siloen gir eit tap på så mange tusen at bonden må ta vanskelige valg når det kjem til å fortsette som bonde…

Men nå vil du forhåpentligvis tenka øve det neste gong du ferdes i naturen, naturen som tilhører noken andre enn deg, du er berre heldig som får lov og ferdes og nyta den så og sei kor som helst, så nyt den med respekt og ettertanke :)

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Planen videre.

Nå på Onsdag var eg på Stord og presenterte Ut på lander for Stord Rotary klubb. I fjor i Januar fekk eg eit utdanningsstipend av dei og SKL på bakgrunn av mine planer med Ut på landet, så nå var eg innom igjen for å fortella kossen det går.

Når eg laga til powerpointen for presentasjon blei eg ganske overraska over kossen alt ser ut til å ordne seg, sjølv om planane mine ser ut til å endra seg heile tida. Eg har virkelig trua på at eg komme til å oppnå alle mine drømmer med Ut på landet, og eg glede meg til å bygga mi framtid her på Veavik gård sammen med min fantastiske familie!

Så, eg tenkte å fortella litt her ka dei neste planane mine med Ut på landet er.

Målet med Ut på landet er å skapa bærekraftig liv på gården igjen, som heile familien skal leva av. Me ønske å skapa nåke som kan hjelpa andre, og som blir eit verdifullt tilskudd til samfunnet. Me ønske å jobba med dyr, spesielt med tanke på utvikling, avl og sjølvforsyning. Me ønske og å planta, helst kunne eg tenkt meg å planta alt fra julatre til roser og morelltre, men kun på hobby basis, og derfor ein relativ dårlig invistering akkuratt nå. Men, litt planting vil nok skje.
Ut på landet er i seg sjølv ingenting spesielt, vertfall ikkje nåke me kan setta i bås. Det er undergruppene som utgjer Ut på landet.

Til nå har me starta opp Ut på landet – Juladekorasjonar, som er den første skikkelige undergruppa. Her vil me nok ekspandera i år, og forhåpentligvis (om me klare å bestemma oss) så plante me også julatre i år, som blir eit godt tilskudd om ein, tja, 10 års tid 😉
I år vil me også få til avtaler med andre produsenter innen julehandel og selge både julatre, julanek, julablomster osv. Det vil med andre og bli svært mykje liv på Veavik gård denna julo, gled dokk alle mann =)

Når eg fekk detta stipendet av Stord Rotary og SKL så var eg jo i avisa sammen me mine to dachser, der det sto klart og tydelig at hundapensjonat var under planlegging. Detta har me gått fram og tilbake med. Me er nemlig usikre på satsinga, om det er noko me vil driva med stort, og dermed usikre på korleis det passer sammen med det andre i ein liten skala. Men, me har ikkje gitt det opp, så me har sagt litt rundtom at om folk trenge hundapass så er det hjertelig velkomne til å spør oss om hjelp. Så får me sjå om det er nåke som me ønsker og kunne tenkt oss å dreve med.

I Mars/April er det birøkterkurs som står for tur, Ut på landet – Blomster og Bier vil vera ei undergruppe som forhåpentligvis ikkje blir misforstått;) Biene sørge for nydelig honning som komme for salg direkte fra gården. Blomster biten e heller litt defuse enno, men har grunnlaget sitt i pil (som forøvrig ikkje e ein blomst sådan) og vil forhåpentligvis falla på plass iløpet av året. Skal ikkje sjå bort fra at denna undergruppa vil blomstra i nær framtid:)

Veavik gård har i lengre tider husa 8500 høner i 2 driftsbygningar, så høner høre heilt naturlig til her på gården. Ut på landet – Fjørfe vil bestå av masse forskjellige fjørfe, fra høns og and til vaktel og gås. Det vil bli salg av egg fra alle sorter, salg av levande fjørfe og forhåpentligvis matsalg til slutt også. Fjørfe er den neste undergruppa som blir etablert her, og om svært kort til vil det igjen bli mulig å handle egg på Veavik gård, og det glede mange :)

Ei anna undergruppe me planlegger er enda navnlaus. Men dette er også ei viktig undergruppe, ei gruppe eg håper vil både hjelpa og styrka vårt samfunn. Eg har nemlig undersøkt litt og funnet ut at svært mange sliter med alle fridagar fra skule. Eit barn på 6år har fri ca 13 veker i året, mens foreldra har kun 5 veker ferie. Og her i Skånevik har nemlig alle i 1-4kl fri kvar Onsdag også, uten mulighet for SFO. Også har me sjølvsagt alle fridagar, planleggingsdagar osv.
Med dette i bakhåve prøve eg å finna ut om det er mulig for oss å starte opp med ein slags SFO ordning her på gården. Der foreldre kan levera barna i ferier, planleggingsdager eller Onsdagsfri på samme måte ein leverer på skulen. Eg vil at barn skal ha mulighet til å ha ein tilknytning til landbruket, og eg synes det er ein fantastisk mulighet å gi denna muligheten til så mange barn, og ikkje berre mine egne. Fokuset desse dagane vil vera på dyr, natur, dyrking av mat, og lære om landbruket og kor maten kommer fra.
Eg håpe eg snart kan oppretta denna undergruppa og, og at fleire vil benytta seg av tilbudet. Om du er fra Skånevik, leser dette og synes det er ein fantastisk idè som du vuil benytta deg av, ta gjerna kontakt:)

Publisert i Ut på landet | Skriv en kommentar

Sjukdom, ein dikotomi av god helsa.

Her i hus har me hatt masse ulike sjukdommar dei siste 4 vekene, og mannen i huset er fremdeles plaga av øyrebetennelse. Når ein er så masse sjuk, spesielt me jentene som knapt er sjuke iløpet av eit år, så er det stor kontrast til å vera frisk. Men ka er egentlig sjukdom?

Eg er stor tilhengar til loven om tiltrekning, og er av den forståelse at alt i universet er skapt av god energi, og all negativ energi kun er motsetninger til den gode. Eg trur ikkje ein kan tiltrekka seg negative ting, men ein kan motsetta seg det gode. Eg trur ikkje det finnes noko negativ, slik som djevelen i kristendommen, eg trur det kun er mangel på det gode som vises. Ein fin måte og forklare detta på er lys og mørke. Det finnes egentlig ikkje noko mørke, mørket er kun mangel på lys. Ein går ikkje inn i eit rom og leiter etter mørkebrytaren, for alle veit at mørket er fravær frå lys.

På samme måte trur eg at all sjukdom som finnes er mangelen på velvære. Mangel på å ta inn over seg at ein bestemmer over egen kropp, mangelen på å tru på at eins egen kropp ordnar opp sjølv. Me trør i oss all slags piller uten å stille spørsmålstegn, fordi ein trur det er slik det skal vera. Ein møste trua på at kroppen ordnar opp, at sjukdom ikkje er noko alle må gå gjennom, derfor blir ein faktisk sjuk. Men når ein då får desse magiske pillene fra legen så blir ein frisk, for ein stole heller på noko som er forska på i ett par år, enn kroppen som har vært i produksjon i meir enn 195000 år. Men kroppen kan alltid fiksa seg sjøl, detta vise og placebo effekten. Mennesker som får sukkerpiller uten aktive virkestoff bli ofta lika raskt friske som mennesker som får piller med virkestoff i. Dette er fordi ein då stoler på at kroppen blir frisk. Ein tiltrekker seg velvære, og det får ein.

Kvart einaste sekund så produsere kroppen 17 millionar nye celler. Kvar einaste dag kvitte kroppen seg med 400 gram døde celler inni kroppen. Iløpet av 7 år er heile kroppen heilt ny, kvar einaste cella. Grovt regna så fornyes huden kvar 4 veka, det betyr at iløpet av 4 veker har du flassa av deg heile huden og den er blitt erstatta av nye hudceller. Nye friske perfekte celler. Viss du kutte deg eller skade huden, så tviler du aldri på at kroppen fikser såret, at det vil gro, at kroppen skaper nye friske celler som reparere såret. Så koffer tvile me sånn på at kroppen kan kvitta seg med virus og bakterier, ka er forskjellen?

Så snart me får feber så e me sjuke og springe til legen for å få medisiner. Men er feber ein sjukdom? nei. Feber er kroppen sin forsvarsmekanisme. Feber er kroppen sin måte og ta knekken på bakteriene. Så koffer hive me i oss paracet så snart temperaturen bikke 37 grader? Det me faktisk gjer er å ødelegga kroppen sitt forsvar mot bakteriene/virusene. Me seier til kroppen vår at «eg stoler ikkje på at du kan ordna opp sjøl, og velger å stole på kjemiske framstilte stoffer». Det er vitenskapelig bevist at om du tar febernedsettende og smertestillende så bruker kroppen lenger tid på å bli frisk. Det gjer det og værre neste gong kroppen er sjuk, for den går kanskje hardere til verks for å få deg til å høre på seg at den kan ordne opp sjøl. Og sånn går den onde sirkelen.

Ja, moderne medisin redder liv, men er det meininga at me skal redde alle liv? Naturens gang er det noko som heiter. Sånn har det alltid vært. Ja, det er brutalt og fælt, og urettferdig. Men sånn er det. Og sånn bør det ver. Til meir me finne ut, til fleire kurer me oppdager, til fleire sjukdommer kommer det. Til syvende og sist vil naturen alltid vinna. Og det finnes ingenting ondt ved naturen, naturen er kun god, alt i naturen skjer for ein grunn, alt må skje for at universet skal gå rundt.

Menneskene dominere verden nå, og me ødelegge den. Og me gjer det raskt. Naturen komme til å gå hardt til verks for å kvitta seg med mennesker, fordi balansen er ødelagt. Menneskene har ødelagt balansen, og siden naturen er god, vil naturen søke etter det gode, som er å ha balanse i alt. Og for å oppnå det må endringa skje hos menneskene, fordi det er me som er opphavet til alt vondt.

Så her i hus så godtar me nå sjukdom som noko kroppen fint klare å ordna opp i sjølv, og sterke medisiner vil vera ein utvei når kroppen spør etter det sjølv. Her på Veavik gård vil me også starta vårt eget arbeid med å opprettholda balanse i naturen. Så detta vil eg nok skriva ein del om framøve.

Ein kan ikkje gjer alt, men alle kan gjera litt.

Publisert i Livet på Veavik gård | Skriv en kommentar

Endelig vinter!

Heihei alle kalde istappar der ute!

Endelig kom vinteren til oss, eg har gleda meg lenge! Frostrøyk, fyr i peisen kvar dag, blikkstille superstjerneklar nattehimmel og beinfrossen bakke, love it!=)

Oppo alt så kom faktisk litt snø i går og, så meg å Ayra har vært å testa akebrette hu fekk til jul ner brekko, gjekk så fort at eg va sikker på me ikkje klarte svingen! Ayra stooorkoste seg der me sladda sidelengs å stoppa heilt på kanten av blomsterbedet 😉

Eg å Heyli va og ute å gjekk tur i veko, må virkelig sei eg har havna på verdens finaste plass! Ein gård med alle mulighetar foran oss, drømmane spinne vilt om dagane 😉

DSC_0581

Her e heile gården sett fra hyttefeltet :)

DSC_0583

Her e vårt hus <3 den flottaste hagen som mamma har brukt mykje tid på dei siste åro :)

DSC_0634

Vår neste plan e å gjer denna delen av sauahuset om til fjørkrehus =)

Sånne flotte dagar som me har hatt nå må berre nytast, så då va de plutselig dårlig me detta nyttårsforsette mitt om 2 blogginnlegg i veko 😉 men eg komme sterkt tilbake!

I måro ska eg ner til Stavanger på Ikea og kjøpa meg kjøkken, det einaste av storoppussing me ska gjer! har tegna eit heilt perfekt kjøkken, så eg gleda meg kjempe masse til de står klart 😀

Mykje mykje planar og arbeid og oppstart detta året og, her skjer de noko kvar einaste veka, å eg ska prøva å holda dokk så godt oppdatert som mulig :)

lots of love!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Det magiska nya året!

Hei og godt nyttår kjære lesar!

Først vil eg beklaga for den plutselige stoppen av blogginnlegg. Førjulstida blei hakket travlare enn eg hadde forventa, derfor måtte eg nedprioritera dei mindre viktige tinga slik som blogg og sosiale medier generelt. Og eg må sei det hjalp på, slike ting krever mykje meir enn ein i utgangspunktet trur. Eg håpe verfall dokk alle har hatt ei fantastisk kjekk, magisk og minnerik jul. Her på Veavik blei sjølve jula også veldig hektisk, men utrulig givande :)

Julafto 2015

Julafto 2015

Nytt år, nye mulighetar! Me inntok dei nya året godt planta i sofaen i det nye huset vårt her på Skoga. Naboane sendte opp aldeles nydelige rakettar, nyttårskysset var på plass og stemninga når klokka bikka midnatt og dett siste store tallet som føles som har vart for evig endra seg endelig. For meg e det noko aldeles magisk over dette å komme inn i eit nytt år, så hengivande og lykkelig og ubeskrivelig. Det gir meg stort håp! Det gir meg ein påminnelse om at alt kan endrast, alt kan oppnås å ikkje minst, at det vil alltid komma nye sjanser, nye mulighetar.
Det som e ekstra spesielt i år, er at 16 e mitt ultimate lykketall, eg elske tallet 16, og har gjennom dei siste åra henta mykje magi fra detta tallet. Derfor e eg skråsikker på at detta vil bli mitt år, mitt absolutta glansår! Å eg glede meg, eg våkne me ett smil kvar måren, med tanken; detta e mitt år, min måned, mi veka og min dag! Denna dagen ska bli super!=)

Så desse få dagane inn i 2016 har eg brukt på å planlegga ka eg vil oppnå detta året, eg har satt mine mål, og eg ska laga ein plan for korleis eg skal oppnå dei. Nå ska eg ikkje gå alt for mykje inn på detta, men eg vil oppfordra absolutt alle til å lesa «the secret» av Rhonda Byrne. De e ei bok som totalforandra mitt liv, og som e grunnen til at alt alltid ordne seg for meg :) Det har forandra livet mitt, redda livet mitt, gjort meg lykkelig å eg e evig takknemlig for at eg ein dag, i ein bokhandlar plukka opp feil bok å valgte å kjøpa den likavell :)

Utdrag fra boka "the secret" (Hemmeligheten på norsk) av Rhonda Byrne.

Utdrag fra boka «the secret» (Hemmeligheten på norsk) av Rhonda Byrne540x293_20140201_bc6ea5a5dc8e6476c71057b4523d8134_png

1519748709-540x293_20140201_e079a53b4f264cbaa27a581c59096663_png

 

 

Eit av mine mål er å blogga minst 2 ganger i veka, og med så kjekke leserar så bør ikkje det blir noko problem :)

Publisert i Livet på Veavik gård | Skriv en kommentar

Den mystiske, magiske Vetlagrauten!

Opp i gjennom åra så har det hendt at eg har sett denna grauten på eit dessertbord, og tenkt «kim servere graut til dessert? Og me kanel og rosin, nei fysj». Trur eg aldri har villa smaka det, ser jo ganske så mystisk ut der den står forkledd som middag på eit dessertbord.
Men då eg blei ilag med Ove, så dukka denne grauten opp på kvart einaste dessertbord, og besto (Ove si) var alltid på hogget når det skulle arrangerast fest og ville ha med vetlagraut. I ein tilstelning eg laga til sa eg til besto at eg hadde kontroll på kakene, å då såg hu på meg me store undrande auge å spurte «ska eg ikkje ta med vetlagraut??» eh-joda, sjølvsagt! og sånn blei det. Men det var ikkje før eg gjekk gravid med Ayra Elí at eg smakte, å fekk skikkelig sansen for det. Eg blei heilt hekta, og grauten var rett og slett magisk blitt. Kvar gong me blei invitert på Straumsøy fest var eg alltid litt ekstra glad, for der viste eg det blei servert vetlagraut. I bryllupet vårt hadde me sjølvsagt rikelig, og det blei servert både til dessert og som nattmat og brunsj dagen etter! Og faktisk var det vell det einaste eg fekk i meg iløpet av heile dagen, då eg var 7 veker gravid med Heyli og super kvalm!

Detta med vetlagraut er virkelig ein tradisjon eg glede meg til å føra vidare til mine etterkommarar. Og det er ein dessert (ja det ER ein dessert) eg har lyst å dela med folket. Så kor enn eg fere med Ut på landet – Juladekorasjonar, så vil eg ha vetlagraut med meg. Vetlagraut til folket!

12274257_1695933493977833_3571414691520378016_n

Mange har ikkje hørt om vetlagraut, eller blir kjempe overraska over at eg har med meg vetlagraut, spesielt den eldre garde. Mykje skryt får den også, til og med Besto likte den, så då syns eg det er innanfor å dela oppskrifta med dokk alle=) Eg har leita på nettet etter oppskrifter, og det er store variasjonar i korleis folk lagar den. Eg har prøvd meg litt fram, og har funnet fram til ei oppskrift eg er veldig nøgd med. Så her er den!

Ut på landet’s Vetlagraut.

Ingredienser:

3l heilmelk
250g semulegryn
550g sukker
350g smør
3,5dl fløte
1 vaniljestang
Kanel og rosiner til topping.

Tid: ca 1,5t.

Vetlagraut krevje mykje røring, så her er det lurt å hukka inn mannfolka, dei er godt brukbare til slikens 😉

Finn fram ei stor gryta som romme minst 5l.
Først koker du opp melka, husk å rør heila tio sånn at den ikkje svir seg, eg bruke ei flat tresleiv som eg fører langs bunnen på gryta.
Når den koke så finner du fram ein visp, få god fart på melka før du begynner å drysse i semulegryn, dette må du gjer i eit rolig tempo, og vispe godt heile tida slik at det ikkje klompar seg! Når alt er blanda inn og det begynner og tykne kan du bytte tilbake til den flate tresleiva og røre godt med den. Semulegrynsgraut festar seg fort i botn, og det er vanskelig  å kjenne med visp.
La semulegrynsgrauten koka i ca 10min, eller til den har tjukna godt.
Nå drysser du i sukker, sjølv om detta smelte kan det danna klompar, så rør godt og dryss litt og litt og la det løyse seg opp jevnt. Så har du oppi smør, fløte og vaniljestanga (del i to og skrap utav frøa og ha alt oppi, plukkes utav når den skal tempererast) og rør godt heila tio.
Når dette har kokt opp skrur du ned plata og lar den putre på lav varme, men, du må røra heila tio! La detta putra i ca 20 min, mens du sjølvsagt røre heila tio. Nå er den ferdige, men, for å få det aller beste resultatet bør den rørast temperert. Detta krevje mykje armarbeid, så for å gjer jobben lettare så heller eg heile grauten over i Kenwooden, og setter den på lav hastiget, og så rører den den temperert. Detta tar ca 25min. Har du ikkje kjøkkemaskin, så må du slå av plata, og røra i minst 15min.

Denna oppskrifto gir to serveringsskåler med graut, eller 20 krus 😉

12305747_10156197355470447_299685755_n

Vetlagrauten held seg godt, så eg har kost meg med denna i kveld!=)

Ta gjerna kontakt om du treng hjelp, eller om du vil bestilla vetlagraut av meg te jul 😉

P.s. Om du likte innlegget set eg stor pris på om du vil dela på sosiale medier :)

Publisert i Juleblogg | Skriv en kommentar

Ein travel kvardag.

Eg lovde meg sjøl at viss eg skulle begynna å blogga så skulle eg blogga minst 2 gonger i veko! Men i ein travel kvardag vise detta seg å vera ein liten utfordring, så eg får bli flinkare!

Me har dei siste vekene holdt på å flytta. Mine foreldre har bygd seg nytt hus her på gården, nere ved sjøen. Eit aldeles nydelig hus, kjempe spesielt, og skikkelig mamma! Detta huset er av den sjeldne sorten altså, alt er nøye valgt ut, og alt er unikt (syns nå verfall eg). Dei har bygd seg nytt hus sånn at me kan få kjøpa det gamla, det gamla som dei nå har brukt mitt liv på å pussa opp, som har 4 etasjar, der hovedetasje og 2 etasje e svimlande 230kvm (for 2 år siden budde me på 50kvm), og i tillegg er det grovkjellar med 3 rom og stooor gang, grovloft som går over heile huset og er derfor 115kvm med lagringsplass:D
Det er 7 soverom, 3 bad/toalett, 2 stover og masse masse skapplass/kott :) Eg ER så heldige som får bu i detta huset, eit hus eg va livredd i når eg va liten, tørte ikkje vera her aleina på dagtid ein gong, og kom meg ikkje fort nok ut ifra som tenåring! men nå elske eg det, alt ved det, så praktisk, så stort, så mange mulighetar :)

Sjølv om det er travelt må eg alltid ta meg litt tid til dei fantastiske vennene mine. Og siden Marit går heima og venter på ei lita prinsesse som kan komma ka tid som helst, så var eg litt i det kreative hjørnet natt til Tirsdag, og laga derfor ei Julebleiekake til ho, som eg å Heyli kjørte bort med på Tirsdag, suprise :)

Bleiekake inspirert av jul. Inneholder rosemalt body fra Englatroll, Flåklypa juleblad, flax julekalender, julesjokolade, julebrus og forskjellig julepynt og rosa jentebaby pynt :)

Bleiekake inspirert av jul. Inneholder rosemalt body fra Englatroll, Flåklypa juleblad, flax julekalender, julesjokolade, julebrus og forskjellig julepynt og rosa jentebaby pynt :)

Det er jaggumeg eit styr å flytta! Spesielt midt oppi alt detta travle. Eg fekk som sagt ein stygg betennelse itte eg opererte ut ei visdomstann (det var den visdommen!), og var slått ut eit par veker, desse vekene hadde eg samlinger med pedagogikk skulen, og gjekk derfor glipp av mykje skule som eg nå må ta igjen. Samtidig har eg jo starta opp ut på landet, og bestillingane begynne å ta seg voldsomt opp!<3 Eg elske å stå nere på verkstaden min (pappa sin) å putla på å laga juladekorasjonar til godt folket, men samtidig er det litt stress når eg veit at 4 soverom er fulle i esker, og ein kommer seg nesten ikkje inn hoveddøra fordi gangen også er full!

Eit av dei største soveromma i huset, litt fult! har forøvrig ikkje rørt detta enda....

Eit av dei største soveromma i huset, litt fult! har forøvrig ikkje rørt detta enda….

I tillegg er både eg, Ayra Elí og Heyli blitt sjuke, pottetette :( så då må ein henta fram reservekreftene, og sjå meg så komme dei på nettene. Så natt te i går fekk eg rydda unna kjempe masse av eskene, og fekk heila kjøkkenet mitt på plass :) i tillegg fekk eg tømt heila huset i Skånevik, slik at det nå er klar til å vaskast ut. Eg har sjølvsagt brukt facebook for det det er verdt, og skaffa meg ei som vasker ut, oh lykke!:)

Så nå begynne det å bli bebuelig her, sjølvsagt masse som mangle, men det er ikkje så viktig akkurat nå. Det som er viktig nå er å vere klar til Lørdag, for då ska eg nemlig vera på julamessa i Etne! Kjenne eg e kjempe spendt på ka Etnesbuen syns om foretaket mitt, om kransane og dekorasjonane, og om konseptet mitt. Eg har nemlig laga ein plan, fått meg noko som kjennetegnar Ut på landet – Juladekorasjonar, og eg håpar og trur at det vil falle i smak 😉

Og oppo alt detta så reiser maen til Tyskland i måro med 2 kompisar for å danse robotdansen til 90’s musikk 😉 Men heldigvis har eg god hjelp rundt meg som stiller opp og tar nokre bører. Svigers skal passe jentene, mens snille gode June skal følga håndballjentene mine på kamp <3 så då ska eg nok klara å komma i boks og vel så det :)

Sikkert eit kjedelig innlegg for alle dokk som venta på desse kreative innlegga mine som eg har lovd, men dei kjem, eg lovar! berre vent å sjå, dei er nærmare enn du trur :)

Eg sitte forøvrig å kose meg med å laga gravkransar og spise riskrem med rød saus! mmm.. Me i trimgruppa arrangerte nemlig avslutning med barnatrimmen på Torsdag, der me serverte graut og delte ut medaljer, og sjølvaste nissen kom med mandarin! kjempe kjekt:) og siden eg kokte grauten fekk eg ta restene med meg heim, det blei det mykje riskrem av 😉

12290567_10156189183545447_1020098653_o

Julaklem fra Heidi

 

Publisert i Juleblogg | Skriv en kommentar

Ka har fluesopp med jul å gjer?=)

Å så gla eg blei når eg fant ut at eg kunne handla der alle forretningar handle! Ei snill sjel på Skånevik blomster og gaver fortalte meg at nå når eg hadde starta eget foretak kunne eg handla via ei nettsida, som kun er for oss med organisasjonsnummer. Logga meg på sammen me mamma og me gjekk heilt bananas 😉

Lykken var stor når Schenker hadde vært å levert varene, ei heil palla, til Ut på landet <3

11982457_10156169132900447_1599079349_o

Blomsterstreng og bindestreng går det veldig mykje av når ein lage dørkransar! Nåler med pynt på gjer jobben mykje lettare :)

12272642_10156169132440447_1962965061_n

Verdens aller aller aller beste glitterspray! Gull og sølv.

12278016_10156169132825447_551871445_n

Flotte halmkransar!=) Ønske du å kjøpa? Ta kontakt.

Me fant ut at siden me nå har tilgang på så mykje kjekt, så må me sjølvsagt laga borddekorasjonar og, dei aller aller aller kjekkaste juladekorasjonane å laga er borddekorasjonar! Eg har laga dei så langt tilbake som eg huskar, å eg elske det!=)
Eit ‘must’ på våre borddekorasjoar har vært fluesopp. Fluesopp er å finne i dei aller fleste heimar til jul faktisk, men det er jo ikkje sesong for fluesopp om vinteren, så kvifor er dette julepynt? Eg spurte mamma, men hu viste ikkje, hu viste berre at det hadde vært julapynt veldig langt tilbake i tid. Min første tanke var at den e jo rød og kvit, men detta måtte eg komma til bunns i.

12168331_10156169132645447_1501164649_o

Dette skal det bli flotte adventsdekorasjonar og juladekorasjonar av=)

12255597_10156169132545447_1885768091_o

Koffer er dette julapynt?

Ein teori var:
På 1700 tallet fantes det ei Sibirsk folkeslag som blei kalla for Korjakkene. Desse brukte fluesopp for å rusa seg på. Dei åt fluesopp på samme måte som me drikker alkohol når dei feira nåke. Dei hadde også sjamaner, som sto for plukkinga av denna fluesoppen. Under vintersolverd i slutten av desember (rundt den 22), når sola var på sitt sørligste, og ein hadde altså de korteste og mørkaste dagane så reiste sjamanene rundt på slede dratt av reisndyr, og leverte ut fluesopp. For å komme seg inn i telta deiras for å levere den når det var mykje snø, måtte dei klatra inn gjennom røykhullet i taket.
Ser du ein sammengeng?
Me har jo alltid vist at julanissen mest sannsynlig er inspirert fra den snille Biskop Nikolaus, som delte ut gaver til fattige barn rundt juletider. Men kor kommer då alle desse «galne» historiene om at han klatra ned pipa, og flydde på reinsdyr?

Jonathan Ott skreiv i 1976 om korjakkene, soppspising og nisser. Han fortalte at grunnen til at julanissen sin drakt er rød og kvit er fordi den er inspirert av soppens farge. Videre seie han at Korjakkene trudde sjamanen flydde på reinsdyrene, fordi dei hallusinerte pga soppen. Derfor flyr også nissen i slede trekt av reinsdyr.
Dette kan også ver ein av grunnane til at nissen bur på nordpolen. Sibir e jo ein veldig kald plass, og relativt langt nord (sjøl om eg ikkje e så jysla flink på geografi!), også er det veldig øde, og mykje snø, akkuratt som nordpolen.

Eg like veldig godt denna teorien, og den blir støtta opp av fleire historikere :)

I dei aller fleste land så bringe også fluesopp lykke. Derfor er den ofta avbilda på lykkekort og kort med ønske om godt nyttår :)

Amanita-X-mas-card300X473

Me er på stand på julemessa i Skånevik kultur og idrettshall i måro fra 12:00 til 17:00. Kom gjerna innom oss å sjå på alt me har, muligens du finner ein julapresang og to;)

Og for deg som syns teorien om soppen var interessant, sjå denna filmen:

 

 

 

 

 

Publisert i Juleblogg | Skriv en kommentar