Endelig er me igong!

I helga skulle me egentlig starte på dekorasjonane, men grunna ein fæl betennelse har det blitt utsatt og utsatt så lenge at eg er blitt heilt varm i trøya! Men endelig, idag var smerten håndterbar og arbeide kunne påbegynnast til min store fornøyelse.

Duften av Tuia og Stikkert, som eg så fint likar å kalla vårt pyntegrønt, minne meg sånn om jul at eg får ein ro øve meg som eg ellers aldri har. Kanskje til det besta, med tanke på kor travelt eg faktisk har det denna månen. Men det er noko med denne jula, alle seier det er stressande, kav, kaotisk, et jag osv. Men me ein gong eg kjenne dufta av pyntegrønt, kanel, nellik, MANDARIN ikkje minst, julabrus og appelsin, på samme dag, ja då gire kroppen ner fem hakk og inntar julamodus. Min absolutte favoritt modus! Då kan det vera så travelt som berre det, men eg har knusande ro!:)

Har du tenkt over det, den fantastiske egenskapen nasen vår faktisk har? Plustelig får den ferten på noko og magen romlar, eller så blir det plutselig lysbileframvisning fra vinteren 1998 inni håvet, minner ein trudde var gått tapt.
Kvar einaste dag får ein inn over 10 000 lukteinntrykk, det er mange! Og heldigvis er ikkje lukteinntrykka like for alle, alle har sine forholdt til ulike duftar. For min kjære mann, så er ikkje jula her før lutafisk-dufta sprer seg på Skålnes litla julafto, mens eg syns ikkje fisk minne meg om jul i det heile. Den minne meg om den dagen skipperen på Lifisk sa eg måtte bita håvet av den første silda me fiska på lofotfiske, nåke eg sjølvsagt gjorde!
Ka lukt minne deg aller mest om jul?

Her i hus er det som sagt travle dagar. Og sjølv om eg har vært litt knocked out dei siste 5 dagane har me jaggumeg fått gjort ein del. Me har starta å kjøra flyttelass til Veavik, alt sommarutstyr og saker og ting me ikkje har bruk for dei neste 2 vekene. For om 2 veker har me blitt Skogabu alle 6! Oioi så me glede oss:)

Her er det me har fått gjort mtp juladekorasjonar.

Me er veldig beviste på at så mykje som mulig skal vera egenprodusert, plukka eller laga av naturlige ting. Nåke av pynten me bruke er tørska appelsinskjever. Appelsinskjevene har me tørka i steikeovn, 55 grader celsius over natta. Kan fint berre legge dei på eit brett og lufttørke dei, men det tar fleire veker. Viss du deler opp appelsinene med hjelp av ein mandolin så får du lika tynne, og tynnare skjever enn om du skjærer for hånd. Dei tørke også fortare og får denne flotte bølgeformen som gjer kvar enkelt skjeva unik.

tørka appelsiner

Tørka appelsinerskjever.

 

Evy er kjempe flink å laga sløyfer, så flink at eg ga opp å prøve å matche ho då eg var ei lita jente, og ho har siden den gong alltid laga sløyfene for meg. Det kom meg absolutt ikkje til gode nå, og i min desperate søk for å læra meg å knytta lika fine sløyfer som mamma fant eg ein (spansk) video på youtube som var genial!
Resultatet: Perfekte sløyfer laga på 3-2-1! (slå den mamma!)

Vil du og lera? klikk her.

12227322_10156149301010447_960951273_o

Utrulig lett og laga sløyfer med denne teknikken.

Eg har og tatt pyntegrønt på kransane, og brukt forskjellige størrelsar for å sjå ka som er mest idealt og jobba med i lengden. Var fantastisk kjekt å begynna å jobba, å teknikken var godt jobba inn etter alle kransane eg laga i fjor!
Eg fant ingen brukbare arbeidshanskar når eg skulle ta på «stikkerten», så nå er henda smørt inn med eit godt lag Aloe propoliskrem, for eg får utslett og begynne å klø når eg blir stukken. Innkjøp av arbeidshanskar må nok til!
Personlig så likar eg Tuia kransane best, dei får så fantastisk fint fargespel:)
Korsa har hu mammo (Evy) laga av Pil. Hu lage så utrulig masse flott med desse pilo sine! Tilogmed lekehytta til Ayra har hu fletta. Naturtalent, som eg håpe me får se masse meir til i framtida:) Fram til då får me vera takknemlige for at hu lage pilkors til oss, som skal få pryda mange gravplasser nå til jul <3
p.s. Desse vil det ikkje vera så veldig mange av, så om du vil sikra deg ein gravkrans med pilkors, bestill allerede idag!=)

Dørkransar og gravkransar. Kors laga av Pil.

Dørkransar og gravkransar. Kors laga av Pil.

Då var herved mitt første blogginnlegg lagt ut. Er nok masse rom for forbedring, men håpe du syns det var kjekt å lesa!=)
På Fredag vil eg vera på ‘Bli ny’ kveld på hotellet, der eg har stand med Forever living produkter. Og på Søndag er eg på julamessa på Sævareid Skule på Kyrping med juladekorasjonar. Håpar og treffe akkuratt deg der!=)

Hilsen Heidi

Dette innlegget ble publisert i Juleblogg. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *