Personlig, perfekt og unikt!

Idag fekk eg endelig kosa meg skikkelig med å lage ferdig dørkransar og gravpynt. Formen er absolutt ikkje på topp, men når nåke gir deg så masse glede, så gjer det ingenting om formen ikkje er heilt med.
Planen min i haust var at eg skulle gjer klart ein arbeidsbenk og hyller, sortere i alle kongler og alt pynt fra ifjor, sånn at alt var klart når eg skulle starte og dekorera. Planen gjekk ikkje heilt etter planen, og idag gjekk nok detta litt hardt utøve pappa sitt verksted! Han hadde jo ein så flotte benk, og mykje plass rundtom! Så eg plasserte alle eskene mine både her og der, og flytta bittelitt på hans ting på arbeidsbenken, sånn at det var god plass til meg=) Det flotte med detta var jo at alt var så lett tilgjengelig. Stikkontakter, radio, masse godt arbeidslys, spriker til å henge kransane på og perfekt arbeidshøgde!

12250531_10156155595315447_2054776384_o

Pappa sin arbeidsbenk blei idag min arbeidsbenk;)

12255685_10156155594620447_33680745_o

Tingene mine er strødd litt overalt der det var plass;)

Han blir vell ikkje så veldig fornøyd med at eg klarte å gull-lakkera den eine drillen hans litt, men ka gjer vell litt bling i kvardagen?

Det var mykje meir vanskelig og laga til kransane i år enn ka eg hadde trudd. Eg hadde liksom sitt for meg at eg skulle lage ein 6-7 forskjellige som folk kunne bestilla. Men me har så mykje forskjellig kjekk pynt, så eg trur nok ikkje eg klare å holda meg til å laga så mange like. Nei, det blir nok ulike på nesten alle mann! Og er ikkje det berre fint då? At du ikkje går på besøk til naboen åsså har han lik krans på døro så deg? Dessuten syns eg at det blir litt for mykje robot å laga opp masse like kransar. Mykje meir personlig med mange forskjellige. Og ja, eg legg heila sjelo mi i alle kransar eg lage, planlegge, legge opp og vurdere, kvar einaste ein skal vera perfekt (i mine auge såklart). Sånn kjem det nok alltid til å vera med Ut på landet – Juladekorasjonar, personlig, perfekt og unikt.

12250278_10156155594930447_1953796470_o

Vanskelig å klara å bestemma seg for ka som skulle få pryda kvar krans.

12243669_10156155594055447_1920726170_n 12233142_10156155594190447_863103234_n

Eg er veldig fornøyd med dei kransane eg har laga, krible i hendene etter å laga fleire! Men, glittersprayane er ikkje komt enda, så eit stort minus der. Prøvde meg på å gull-lakkera litt, sikkert heilt grei nødløysning.

Mamma har forresten stor imponert med å laga pilkors, sjå kor flotte!

12236555_10156155594575447_1707971364_o

kjempe mangen pilkors klar for å festast på gravkransar.

Hu har også laga desse fantastisk flotte skålene, som kan brukast til å ha såpestykket på.

Pilskåler laga av Evy.

Pilskåler laga av Evy.

Til å avslutte med så vil eg fortella dokk at det er ganske mykje arbeidsulykker i detta yrket altså, idag fekk eg ikkje mindre enn 3 brannsår av limpistolen! farlige greier! Godt aloe vera gelèen hadde lurt seg med!;)

Idag, Søndag, så har me stand på julamessa på Sævareid skule på Kyrping, eg vil også iløpet av dagen få lagt ut bilde av dei kransane eg har laga, slik at dokk kan bestilla dei om ønskelig (berre husk dei vil aldri bli heilt like).

Ha ein flott Søndag alle sammen :)

Dette innlegget ble publisert i Juleblogg. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *