Ein travel kvardag.

Eg lovde meg sjøl at viss eg skulle begynna å blogga så skulle eg blogga minst 2 gonger i veko! Men i ein travel kvardag vise detta seg å vera ein liten utfordring, så eg får bli flinkare!

Me har dei siste vekene holdt på å flytta. Mine foreldre har bygd seg nytt hus her på gården, nere ved sjøen. Eit aldeles nydelig hus, kjempe spesielt, og skikkelig mamma! Detta huset er av den sjeldne sorten altså, alt er nøye valgt ut, og alt er unikt (syns nå verfall eg). Dei har bygd seg nytt hus sånn at me kan få kjøpa det gamla, det gamla som dei nå har brukt mitt liv på å pussa opp, som har 4 etasjar, der hovedetasje og 2 etasje e svimlande 230kvm (for 2 år siden budde me på 50kvm), og i tillegg er det grovkjellar med 3 rom og stooor gang, grovloft som går over heile huset og er derfor 115kvm med lagringsplass:D
Det er 7 soverom, 3 bad/toalett, 2 stover og masse masse skapplass/kott :) Eg ER så heldige som får bu i detta huset, eit hus eg va livredd i når eg va liten, tørte ikkje vera her aleina på dagtid ein gong, og kom meg ikkje fort nok ut ifra som tenåring! men nå elske eg det, alt ved det, så praktisk, så stort, så mange mulighetar :)

Sjølv om det er travelt må eg alltid ta meg litt tid til dei fantastiske vennene mine. Og siden Marit går heima og venter på ei lita prinsesse som kan komma ka tid som helst, så var eg litt i det kreative hjørnet natt til Tirsdag, og laga derfor ei Julebleiekake til ho, som eg å Heyli kjørte bort med på Tirsdag, suprise :)

Bleiekake inspirert av jul. Inneholder rosemalt body fra Englatroll, Flåklypa juleblad, flax julekalender, julesjokolade, julebrus og forskjellig julepynt og rosa jentebaby pynt :)

Bleiekake inspirert av jul. Inneholder rosemalt body fra Englatroll, Flåklypa juleblad, flax julekalender, julesjokolade, julebrus og forskjellig julepynt og rosa jentebaby pynt :)

Det er jaggumeg eit styr å flytta! Spesielt midt oppi alt detta travle. Eg fekk som sagt ein stygg betennelse itte eg opererte ut ei visdomstann (det var den visdommen!), og var slått ut eit par veker, desse vekene hadde eg samlinger med pedagogikk skulen, og gjekk derfor glipp av mykje skule som eg nå må ta igjen. Samtidig har eg jo starta opp ut på landet, og bestillingane begynne å ta seg voldsomt opp!<3 Eg elske å stå nere på verkstaden min (pappa sin) å putla på å laga juladekorasjonar til godt folket, men samtidig er det litt stress når eg veit at 4 soverom er fulle i esker, og ein kommer seg nesten ikkje inn hoveddøra fordi gangen også er full!

Eit av dei største soveromma i huset, litt fult! har forøvrig ikkje rørt detta enda....

Eit av dei største soveromma i huset, litt fult! har forøvrig ikkje rørt detta enda….

I tillegg er både eg, Ayra Elí og Heyli blitt sjuke, pottetette :( så då må ein henta fram reservekreftene, og sjå meg så komme dei på nettene. Så natt te i går fekk eg rydda unna kjempe masse av eskene, og fekk heila kjøkkenet mitt på plass :) i tillegg fekk eg tømt heila huset i Skånevik, slik at det nå er klar til å vaskast ut. Eg har sjølvsagt brukt facebook for det det er verdt, og skaffa meg ei som vasker ut, oh lykke!:)

Så nå begynne det å bli bebuelig her, sjølvsagt masse som mangle, men det er ikkje så viktig akkurat nå. Det som er viktig nå er å vere klar til Lørdag, for då ska eg nemlig vera på julamessa i Etne! Kjenne eg e kjempe spendt på ka Etnesbuen syns om foretaket mitt, om kransane og dekorasjonane, og om konseptet mitt. Eg har nemlig laga ein plan, fått meg noko som kjennetegnar Ut på landet – Juladekorasjonar, og eg håpar og trur at det vil falle i smak 😉

Og oppo alt detta så reiser maen til Tyskland i måro med 2 kompisar for å danse robotdansen til 90’s musikk 😉 Men heldigvis har eg god hjelp rundt meg som stiller opp og tar nokre bører. Svigers skal passe jentene, mens snille gode June skal følga håndballjentene mine på kamp <3 så då ska eg nok klara å komma i boks og vel så det :)

Sikkert eit kjedelig innlegg for alle dokk som venta på desse kreative innlegga mine som eg har lovd, men dei kjem, eg lovar! berre vent å sjå, dei er nærmare enn du trur :)

Eg sitte forøvrig å kose meg med å laga gravkransar og spise riskrem med rød saus! mmm.. Me i trimgruppa arrangerte nemlig avslutning med barnatrimmen på Torsdag, der me serverte graut og delte ut medaljer, og sjølvaste nissen kom med mandarin! kjempe kjekt:) og siden eg kokte grauten fekk eg ta restene med meg heim, det blei det mykje riskrem av 😉

12290567_10156189183545447_1020098653_o

Julaklem fra Heidi

 

Dette innlegget ble publisert i Juleblogg. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *