Den mystiske, magiske Vetlagrauten!

Opp i gjennom åra så har det hendt at eg har sett denna grauten på eit dessertbord, og tenkt «kim servere graut til dessert? Og me kanel og rosin, nei fysj». Trur eg aldri har villa smaka det, ser jo ganske så mystisk ut der den står forkledd som middag på eit dessertbord.
Men då eg blei ilag med Ove, så dukka denne grauten opp på kvart einaste dessertbord, og besto (Ove si) var alltid på hogget når det skulle arrangerast fest og ville ha med vetlagraut. I ein tilstelning eg laga til sa eg til besto at eg hadde kontroll på kakene, å då såg hu på meg me store undrande auge å spurte «ska eg ikkje ta med vetlagraut??» eh-joda, sjølvsagt! og sånn blei det. Men det var ikkje før eg gjekk gravid med Ayra Elí at eg smakte, å fekk skikkelig sansen for det. Eg blei heilt hekta, og grauten var rett og slett magisk blitt. Kvar gong me blei invitert på Straumsøy fest var eg alltid litt ekstra glad, for der viste eg det blei servert vetlagraut. I bryllupet vårt hadde me sjølvsagt rikelig, og det blei servert både til dessert og som nattmat og brunsj dagen etter! Og faktisk var det vell det einaste eg fekk i meg iløpet av heile dagen, då eg var 7 veker gravid med Heyli og super kvalm!

Detta med vetlagraut er virkelig ein tradisjon eg glede meg til å føra vidare til mine etterkommarar. Og det er ein dessert (ja det ER ein dessert) eg har lyst å dela med folket. Så kor enn eg fere med Ut på landet – Juladekorasjonar, så vil eg ha vetlagraut med meg. Vetlagraut til folket!

12274257_1695933493977833_3571414691520378016_n

Mange har ikkje hørt om vetlagraut, eller blir kjempe overraska over at eg har med meg vetlagraut, spesielt den eldre garde. Mykje skryt får den også, til og med Besto likte den, så då syns eg det er innanfor å dela oppskrifta med dokk alle=) Eg har leita på nettet etter oppskrifter, og det er store variasjonar i korleis folk lagar den. Eg har prøvd meg litt fram, og har funnet fram til ei oppskrift eg er veldig nøgd med. Så her er den!

Ut på landet’s Vetlagraut.

Ingredienser:

3l heilmelk
250g semulegryn
550g sukker
350g smør
3,5dl fløte
1 vaniljestang
Kanel og rosiner til topping.

Tid: ca 1,5t.

Vetlagraut krevje mykje røring, så her er det lurt å hukka inn mannfolka, dei er godt brukbare til slikens 😉

Finn fram ei stor gryta som romme minst 5l.
Først koker du opp melka, husk å rør heila tio sånn at den ikkje svir seg, eg bruke ei flat tresleiv som eg fører langs bunnen på gryta.
Når den koke så finner du fram ein visp, få god fart på melka før du begynner å drysse i semulegryn, dette må du gjer i eit rolig tempo, og vispe godt heile tida slik at det ikkje klompar seg! Når alt er blanda inn og det begynner og tykne kan du bytte tilbake til den flate tresleiva og røre godt med den. Semulegrynsgraut festar seg fort i botn, og det er vanskelig  å kjenne med visp.
La semulegrynsgrauten koka i ca 10min, eller til den har tjukna godt.
Nå drysser du i sukker, sjølv om detta smelte kan det danna klompar, så rør godt og dryss litt og litt og la det løyse seg opp jevnt. Så har du oppi smør, fløte og vaniljestanga (del i to og skrap utav frøa og ha alt oppi, plukkes utav når den skal tempererast) og rør godt heila tio.
Når dette har kokt opp skrur du ned plata og lar den putre på lav varme, men, du må røra heila tio! La detta putra i ca 20 min, mens du sjølvsagt røre heila tio. Nå er den ferdige, men, for å få det aller beste resultatet bør den rørast temperert. Detta krevje mykje armarbeid, så for å gjer jobben lettare så heller eg heile grauten over i Kenwooden, og setter den på lav hastiget, og så rører den den temperert. Detta tar ca 25min. Har du ikkje kjøkkemaskin, så må du slå av plata, og røra i minst 15min.

Denna oppskrifto gir to serveringsskåler med graut, eller 20 krus 😉

12305747_10156197355470447_299685755_n

Vetlagrauten held seg godt, så eg har kost meg med denna i kveld!=)

Ta gjerna kontakt om du treng hjelp, eller om du vil bestilla vetlagraut av meg te jul 😉

P.s. Om du likte innlegget set eg stor pris på om du vil dela på sosiale medier :)

Dette innlegget ble publisert i Juleblogg. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *