Sjukdom, ein dikotomi av god helsa.

Her i hus har me hatt masse ulike sjukdommar dei siste 4 vekene, og mannen i huset er fremdeles plaga av øyrebetennelse. Når ein er så masse sjuk, spesielt me jentene som knapt er sjuke iløpet av eit år, så er det stor kontrast til å vera frisk. Men ka er egentlig sjukdom?

Eg er stor tilhengar til loven om tiltrekning, og er av den forståelse at alt i universet er skapt av god energi, og all negativ energi kun er motsetninger til den gode. Eg trur ikkje ein kan tiltrekka seg negative ting, men ein kan motsetta seg det gode. Eg trur ikkje det finnes noko negativ, slik som djevelen i kristendommen, eg trur det kun er mangel på det gode som vises. Ein fin måte og forklare detta på er lys og mørke. Det finnes egentlig ikkje noko mørke, mørket er kun mangel på lys. Ein går ikkje inn i eit rom og leiter etter mørkebrytaren, for alle veit at mørket er fravær frå lys.

På samme måte trur eg at all sjukdom som finnes er mangelen på velvære. Mangel på å ta inn over seg at ein bestemmer over egen kropp, mangelen på å tru på at eins egen kropp ordnar opp sjølv. Me trør i oss all slags piller uten å stille spørsmålstegn, fordi ein trur det er slik det skal vera. Ein møste trua på at kroppen ordnar opp, at sjukdom ikkje er noko alle må gå gjennom, derfor blir ein faktisk sjuk. Men når ein då får desse magiske pillene fra legen så blir ein frisk, for ein stole heller på noko som er forska på i ett par år, enn kroppen som har vært i produksjon i meir enn 195000 år. Men kroppen kan alltid fiksa seg sjøl, detta vise og placebo effekten. Mennesker som får sukkerpiller uten aktive virkestoff bli ofta lika raskt friske som mennesker som får piller med virkestoff i. Dette er fordi ein då stoler på at kroppen blir frisk. Ein tiltrekker seg velvære, og det får ein.

Kvart einaste sekund så produsere kroppen 17 millionar nye celler. Kvar einaste dag kvitte kroppen seg med 400 gram døde celler inni kroppen. Iløpet av 7 år er heile kroppen heilt ny, kvar einaste cella. Grovt regna så fornyes huden kvar 4 veka, det betyr at iløpet av 4 veker har du flassa av deg heile huden og den er blitt erstatta av nye hudceller. Nye friske perfekte celler. Viss du kutte deg eller skade huden, så tviler du aldri på at kroppen fikser såret, at det vil gro, at kroppen skaper nye friske celler som reparere såret. Så koffer tvile me sånn på at kroppen kan kvitta seg med virus og bakterier, ka er forskjellen?

Så snart me får feber så e me sjuke og springe til legen for å få medisiner. Men er feber ein sjukdom? nei. Feber er kroppen sin forsvarsmekanisme. Feber er kroppen sin måte og ta knekken på bakteriene. Så koffer hive me i oss paracet så snart temperaturen bikke 37 grader? Det me faktisk gjer er å ødelegga kroppen sitt forsvar mot bakteriene/virusene. Me seier til kroppen vår at «eg stoler ikkje på at du kan ordna opp sjøl, og velger å stole på kjemiske framstilte stoffer». Det er vitenskapelig bevist at om du tar febernedsettende og smertestillende så bruker kroppen lenger tid på å bli frisk. Det gjer det og værre neste gong kroppen er sjuk, for den går kanskje hardere til verks for å få deg til å høre på seg at den kan ordne opp sjøl. Og sånn går den onde sirkelen.

Ja, moderne medisin redder liv, men er det meininga at me skal redde alle liv? Naturens gang er det noko som heiter. Sånn har det alltid vært. Ja, det er brutalt og fælt, og urettferdig. Men sånn er det. Og sånn bør det ver. Til meir me finne ut, til fleire kurer me oppdager, til fleire sjukdommer kommer det. Til syvende og sist vil naturen alltid vinna. Og det finnes ingenting ondt ved naturen, naturen er kun god, alt i naturen skjer for ein grunn, alt må skje for at universet skal gå rundt.

Menneskene dominere verden nå, og me ødelegge den. Og me gjer det raskt. Naturen komme til å gå hardt til verks for å kvitta seg med mennesker, fordi balansen er ødelagt. Menneskene har ødelagt balansen, og siden naturen er god, vil naturen søke etter det gode, som er å ha balanse i alt. Og for å oppnå det må endringa skje hos menneskene, fordi det er me som er opphavet til alt vondt.

Så her i hus så godtar me nå sjukdom som noko kroppen fint klare å ordna opp i sjølv, og sterke medisiner vil vera ein utvei når kroppen spør etter det sjølv. Her på Veavik gård vil me også starta vårt eget arbeid med å opprettholda balanse i naturen. Så detta vil eg nok skriva ein del om framøve.

Ein kan ikkje gjer alt, men alle kan gjera litt.

Dette innlegget ble publisert i Livet på Veavik gård. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *