Naturen rundt oss, alles eller nåkens?

Idag er eg og Ove oppe i Øystese på nye bønders kurs som Hordaland bondelag arrangere. Det er eit kurs for folk som treng meir fotfeste, tips og idèer i landbruket eller som kun vurderer og starte med landbruk.
For meg var dette kurset midt i blinken, akkuratt det eg trengte nå!=) Å bli minna på alle støtteordningar, alt som er viktig i ein oppstartsfase og ikkje minst dette med å lage ein konkret plan og søka til både kommune og Innovasjon Norge om støtte. Eg skal ikkje skriva så alt for masse om kurset, då det er for spesielt interesserte 😉

Men det eg vil skriva litt om er ein setning den eine forelesaren sa, og det var at Bøndene eiger «alt» i Norge. Har du tenkt øve det? At skogen du plukke sopp i, fjellet du går tur på, stranda du sole deg på og bakken du spring øve når du tar ein snarvei faktisk (med stor sannsynlighet) er eigd av ein bonde? Allemannsretten gir deg lov til å gå dei fleste plasser uten spesiell tillatelse, men det er uansett bonden sin eigendom. Ein eigendom som også har som formål å brøfø både deg og bonden sjølv.
«Lukk grinda» finner ein ofte skrevet på grinder når ein er ute å går tur, men faktisk er dette ofta eit problem at folk ikkje gjer. Det folk også ofta ikkje gjer er å rydda opp etter seg på stranda, eller hiver ein brusboks ut vinduet fra bilen siden de ikkje e folk på mils omkrets likavel.. Dette resultere i sinte bønder, som resultere i irriterte turgåarar som rakker ned på den sinte bonden som aller helst burde vært og passa på sauene sine sjølv, og ikkje overlatt jobben til ei grind, og som lager alt for mykje oppstyr på grunn av ein boks…. Og slik går nå sirkelen.
Eg derimot, eg trur feilen ligge i detta og forstå korleis alt henger sammen. Kanskje ein ikkje heilt tenker øve koffer grinda bør lukkast? Det er jo ingen dyr i nærheten.. Kanskje ein ikkje tenker over at stranda er eigd av nåken, den ser jo så urørt ut. Kanskje ein ikkje tenker øve at bakken brusboksen havner på er mat til dyr, som blir slått med ein maskin som ikkje veit forskjell på ein boks og gras, og maler alt til fòr. Og då tenker ein heller ikkje over at dyra som kommer seg ut av grinda kan havne kangt vekk, som resulterer i mykje jobb for bonden for å få dei heim igjen. Eller at kulturverdien er stor hos ein bonde, og den urørte stranda betyr så utrulig masse for han akkuratt slik den er, og folkeliv og søppel ødeleffer hans glede med HANS strand (respekt er ein fin ting, sjølv til tross for allemannsretten). Eller at dei kydno som døde av følgene av skarpe bitar etter brusboksen i siloen gir eit tap på så mange tusen at bonden må ta vanskelige valg når det kjem til å fortsette som bonde…

Men nå vil du forhåpentligvis tenka øve det neste gong du ferdes i naturen, naturen som tilhører noken andre enn deg, du er berre heldig som får lov og ferdes og nyta den så og sei kor som helst, så nyt den med respekt og ettertanke :)

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *