1års dag og julatrekurs=)

I går blei vår nydelige snuppa, Heyli 1år! Var ein flotte dag, som starta med gratis frokostbuffè på lokalbakeriet Larsen, som hadde nyåpning. Dei har satsa på eit åpent bakeri der ein faktisk kan stå ved disken og sjå inn i bakeriet der alt blir baka for hånd. Utrulig stilig konsept og all creds til Larsen Bakeri som tør og satse og ver litt anerledes! Så er du i Skånevik må du ta turen innom detta fantastiska bakeriet som gjennom århundre har levert magisk god bakst :)
Og sjølvsagt vil eg oppfordra alle lokale om å handla sine bakevarer på lokalbakeriet, detta vil vera essensielt for at detta  skal fungera for Larsen’s bakeri, at me som bur rundt handler der :)

Larsen bakeri

Dagen videre besto sjølvsagt at selskap for gode Heyli, ei hærlig snuppa som gir oss så ufattelig mykje glede <3 Ayra Elí hadde baka kaka og pynta den til hu, det var hennas bursdagspresang som hu va veldig stolt øv, og som falt kjempe godt i smak sjå bursdagsbarnet :)

Heyli 1år.

Heyli 1år.

Før selskapet var ferdig måtte eg og mammo gå, for me skulle nemlig til Aksdal på julatrekurs. Julatrekurset var holdt av forsøksringen, og gjekk for å få fleire folk til å satse på julatre. Her lærte me mykje om julatreplanting, jordprøver og planlegging. Var eit veldig interessant kurs, som går over 2 dager og ein ut i feltet tur. Neste samling er på Tirsdag i Ølen, og eg kjenner eg glede meg til å få alle bitane på plass og testa ut om detta kan vera noko me vil satsa på :)

2år gamle julatre klar for planting :)

2år gamle julatre klar for planting :)

 

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *