Om Ut på landet

Ut på landet er eit konsept som Heidi har kommet på. Den store planen er at det skal vera så mange undergrupper i Ut på landet, som kan fylla heila året, slik at det blir eit årsverk.

Til nå så har Ut på landet hatt ganske mange planer, alt frå minkeri til hundapensjonat og barneheim. Heldigvis tar me tida til hjelp, og startar i ein ende.

Nå har me to konkrete undergrupper, Juladekorasjonar og Aloe vera. Juladekorasjonar skal vera gjennom November og Desember, og håpet er at me etter kvart kan bygga oss opp eit godt rykte, slik at me får faste kundar kvart år. Planane er store, men i år så er me midt oppi flyttinga, så me må spara ganske mange av dei til neste år, gled dokk!

Aloe vera er produkter frå Forever Living. Heidi er sjølvstendig forhandlar for dei, og vil bruka alle ledige stunder gjennom året til å jobbe med dette. Produktene er stor favoritt i huset, og network marketing gir ein fantastisk mulighet til å starte egen business på egne premisser. Dette passar perfekt inn i Ut på landet sin tanke!=)

Nå held me også på å planlegg Honning og Egg. Her er målet å få på plass bikuber allerede neste år, slik at me kan produsera vår egen honning og bipollen. Høns skal også få flytte inn på Veavik gård, men ka tid har me ikkje bestemt oss for. Evy og Helge har hatt egg salg dei siste åra, og dei har vært svært populære. Detta ønsker me å fortsetta med, og håpar DU ønsker å handle sjå oss!:)

Ellers er ikkje noko meir bestemt enda, har du nokre tips til kva du skulle ønske noken starta med, fortell oss om det!:)